Yogareise til Trevi, Umbria i Italia 17.-24. september 2020

Notèr at dette er tur i 2020!

  • Dato

    17.09.2020

  • Lokasjon

    Trevi, Umbria i Italia

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    8 dagar

  • Pris

    Kr. 15990,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 1900.-

  • NB påmeldingsfrist

    15.august 2019

  • Ledige plassar

    Fullt, vi fører venteliste, ta kontakt med Travelnet Fjordane Reisebyrå

Distriktet Umbria går over i Toscana, midt i hjartet av Italia.
Eit vakkert stykke Italia med historiske landsbyar, god lokal mat
og med den rolege italienske stemninga.
Kvar einaste dag får vi nyte det lokale kjøkenet på klosteret. Dei nyttar kortreiste råvarer og er lidenskapeleg opptekne av kva som
blir servert. Dette er ei veke for alle sansar.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 15990,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

Tomt på lager

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 15990,-
Tillegg for enkeltromKr. 1900,- (få enkeltrom tilgjengeleg)

Inkludert i prisen:

  •  Flyreise Bergen  – Roma t/r
  • 1 Innsjekka bagasje
  •  Busstransfer frå Roma til Trevi/retur
  •  7 netter i delt dobbeltrom på Il Convento
  •  Vin til enkelte måltid
  •  7 frukost, 6 lunsj og 6 middag
  •  Anette som yoga instruktør
  •  2 varierte yoga økter kvar dag
  •  Turkoordinator frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

På reisa er det 2 yoga økter kvar dag.
Yoga er ei god form for fysisk trening, men det er og ei øving i å vere til stades og å vere konsentrert.
Som ein eldgamal disiplin og filosofi fremmer yoga tradisjonen helse, velvære og ro
med balanse, styrke og fleksibilitet for kropp og sinn. Pust, merksemd og avspenning er vevd inn i dei  fysiske øvingane.
Yoga er ei skånsam treningsform, med stor effekt på musklar, skjelett og ledd.
Yoga er ein holistisk retning, som tek med heile mennesket.
Her er det ikkje fokus på enkelte muskelgrupper, men ein gjer øvingar som er bra for heile kroppen, som til dømes indre organ, fordøyelse, nervesystem, pust og sinn.
Yoga er personlig. Kva ein legg vekt på, eller har nytte av – er opp til kvar enkelt.
Menneske i alle aldrar, med ulik bakgrunn og evner vil ha glede av yoga.

Il Convento

Reisemålet Ilconvento
Vi flyg direkte frå Bergen til Roma,  deirfrå reiser vi med buss nordover til Umbria og Ilconvento: „Italia sitt grøne hjarte“
Umbria ligger midt i Italia og er ein oase  med eit mjukt bølgande landskap med elvar som snor seg gjennom det grøne. Her lever dei „det gode liv“
i små og mellomstore byar med stolte tradisjonar. Regionen andar fred og ro. Kanskje ikkje tilfeldig at den heilage Frans av Assisi kom nettopp herifrå?
Vi skal bu i det gamle klosteret Abbazia di San Pietro: Ilconvento: http://www.ilconvento.org/no
Hotellet ligg ca 2,5 timar med buss frå Roma.

Mellom yoga samlingane kan du nyte di eiga tid på området rundt klosteret mellom vinrankar og oliventre.

Anette Eide Røsandhaug

Anette Eide Røsandhaug er yoga lærar på reisa. Kjent og kjær for mange.
Ho har praktisert yoga i mange år og tok si først Yogalærer sertifiser Ing i 2012, i Hata yoga.
I 2014 tok ho nok ei lærar utdanning og blei sertifisert i Ashtanga yoga.
For Anette er yoga blitt mykje meir enn trening. Det er ein livsstil som fargar tankar, haldningar og handlingar. Ho ønsker å dele sin lidenskap med fleire – og at DU og skal få finne velvære, aksept, styrke og ro ilag med ho – på yogamatta i vakre Umbria.

 

Frukost, lunsj og middag serverast kvar dag i hagen til klosterert – på langbord.
Ilconvento er valt med omhug – for at du skal få et godt opphald for kropp, sjel, sinn og sansar.
Veka i september vil forlenge sommaren samt korte ned vinteren.
Nye erfaringar, gode samtaler, påfyll, kvile og velvære.
Frø som blir sådd og som vil spire, blomstre og bære frukter lenge etter du kjem heim.

 

Denne veka vil gje deg:
2 daglige yoga økter, morgon og ettermiddag, med variert trening tilpassa ulike nivå.
Det blir varierte timar med ulike former for Yoga. Anette har stor kunnskap og lærdom.

Retur frå Roma

Siste dag reiser vi tidleg frå Ilconvente til Roma for å fly heim til Norge, Bergen. Flytider er ikkje klart.