Yogareise til Kreta 26. september- 3. oktober 2020

..med Gunhild Giil Desilets…

  • Dato

    26.09.2020

  • Lokasjon

    Georgioupolis Kreta

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    8 dagar

  • Pris

    Kr. 17.600,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 3900,-

Ei inspirerande og energigjevande veke med Yoga i fokus.
Unn deg sjølv ei veke med påfyll for kropp og sjel, med masse ny energi og inspirasjon.
Ein god start på hausten.

Yogatimane fokuserer på yoga i praksis, meditasjon, pusteøvingar og stressredusering.
Turen høver for både deg som er nystarta med yoga og for deg som har praktisert yoga lenge. Yogalærar Gunhild Giil Desilets tilpassar treninga for kvar enkelt. Er du erfaren får du høve til å fordjupe deg i din eigen praksis,  er du ny vil du få utforske alle dei positive fordelane med yoga som treningsform. Mellom øktene kan du bade i bassenget på hotellet eller nyte ein dukkert i det krystallklare Middelhavet – eller ta ei utflukt på øya. Valet er ditt.

 

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 17600,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 17.600.-
Tillegg for enkeltromKr. 3900,-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Bergen  – Chania t/r
  •  Busstransfer frå flyplass til hotell t/r
  •  7 netter i delt dobbeltrom på Pilot Beach
  •  Hotellskatt i Hellas
  •  7 frukost, 6 middag
  •  Gunhild som yoga instruktør
  •  2 varierte yoga økter kvar dag

NB Vi tek atterhald om eventuelle endringar i programmet.

Gresk småbyliv ved stranda

Hotellet vi bur på heiter Pilot Beach og ligg i den vesle byen Georgioupolis på øya Kreta. Byen ligg mellom dei noko større byane Chania og Rethymnon. Byen Georgioupolis ligg vakkert til med kvite hus, finkorna sandstrand og i båthamna ligg kafeane og tavernaene som perler på ei snor. Området rundt Georgioupolis er omkransa av vinrankar og olivenlundar. Her er gode turmulegheiter om ein vil ut og utforske øya mellom yogaøktene.

Hotel Pilot Beach

www.pilot-beach.gr/

Hotell Pilot Beach er eit 5 stjernes hotell som ligg rett på stranda, med kort avstand inn til sentrum av Georgioupolis. Her får vi servert frukost og middag kvar dag.
Fasilitetar på hotellet; 4 restaurantar på området, eit lite mini-marked, to tennisbaner, frisør og eit nyleg oppussa spa. Her kan ein tinge seg dei behandlingane ein ev. måtte ynskje.

Romma er utstyrt med; vasskokar, safe, Wi-Fi, badehandkle, badekåpe, tøfle og hårfønar.

Yoga på reisa

2 daglege yogaøkter, ei om morgonen og ei på ettermiddagen. Øktene er tilpassa ulike nivå.
Det blir varierte timar, med ulike former for yoga.

Yoga lærar og leiar på reisa Gunhild Giil Desilets

Gunhild bur i Florø, er småbarnsmor og både eig og driv Flora Yoga. Ho brenn for å gjere yoga tilgjengeleg og ukomplisert. Alle kan gjere yoga.

Gunnhild legg vekt på samhold, at alle skal kjenne på meistring og glede. Denne veka tilrettelegg ho effektive og varierte økter. Gunhild er flink til å sjå kvar enkelt og passe på at kvar og ein får maksimalt utbytte av turen.

«I 2007 utdanna eg meg til yogalærer med bakgrunn Ashtanga yoga frå Red Lotus School of Yoga i Michigan, USA. Eg har hatt gleda av å undervise yogis i alder 0-97 år i Norge, USA og Australia. I timane mine delar eg dei mentale, emosjonelle, fysiske og spirituelle godene frå yoga og meditasjon. Yoga er alt dette for meg. Yoga er hele pakken!»