Vandring på Mallorca 19.-25. september 2020

  • Dato

    19.09.2020

  • Lokasjon

    Mallorca

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    7 dagar

  • Pris

    Kr. 16.600,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr. 3200.-

Mallorca kan by på meir enn strender og feriemoro for ein naturelskar med vandrelyst. På Mallorca kan ein vandre i fjella og ta ein symjetur i Middelhavet på same dag. 
Middelhavsøya har variert natur, fasinerande historie, pittoreske småbyar og Palma med si rike historie. Middelhavsøya har eit mangfaldig kulturliv.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 16.600,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 16.600,-
Tillegg for enkeltromKr. 3200,-

Inkludert i prisen:

  • Fly Bergen-Palma t/r
  • 1 Innsjekka bagasje à 20 kg
  • 6 overnattingar på Maritim Hotel i Puerto de Soller
  • transfer t/r flyplass
  • transport til og frå vandringar
  • 6 frukost, 6 middag
  • 4 vandringar som i programmet
  • Lokal vandreguide
  • Turleiar frå Fjordane Reisebyrå

Mallorca

Mallorca har variert natur. Den kuperte vesle øya i Middelhavet kan tilby spektakulære turar, både langs kysten og oppe i fjella. Nokon av fotturane tek oss til dei høgaste toppane, medan andre fører oss gjennom landsbygda og appelsin-lundar. På fleire av turane er det muleg å ta ein dukkert i krystallklart vatn.
Terrenget vi går på er stort sett ujamnt og steinete. Ein må ha god basisform for å gjennomføre dei ulike dagsetappane. Ein skal ikkje vere toppidrettsutøvar, men vere i vanleg god form og van til å ferdast i naturen.
Fjellkjeda Tramuntana dekkjer mesteparten av Mallorca sin nordvestlege kyst, og fekk i 2011 Verdsarv-status av UNESCO. Her er eit litt svalare klima enn på resten av øya, og det er ikkje uvanleg med snø på toppane  vinterstid.  Gjennomsnitts-temperaturen på øya er 27 grader som kun har 51 regndagar i året.

Dag 1, laurdag 19. september

Flyreise Bergen – Palma, Mallorca

Flyavgang frå Bergen kl. 07.45 med ankomst Mallorca kl. 13.10
Her ventar buss som køyrer oss til Puerto de Soller og hotellet vårt Hotel Marina: http://www.hotelmarinasoller.com
Dette er eit hyggjeleg familieeigd hotell midt på Puerto de Soller si strandpromenade. Hotellet har utsikt over stranda den eine vegen og mot fjella på den andre sida. Her er utandørs basseng, treningsrom og spa. Frukostresturanten ligg på strandpromenaden med utsikt over havet.
Innsjekk på hotellet og rusletur i Puerto de Soller før første fellesmiddag på hotellet.

Dag 2, søndag 20. september

Deià – Kunstnarens by

Vandretid ca. 5 timar. Høgdevariasjon opp 320m, ned  220m. Lengde: 12 km.
Vi vandrar direkte frå hotellet – opp gjennom olivenlundane til byen Can Bleda. Turen går vidare til den idylliske kunstnarbyen Deià, på ein gamal pilegrimsveg med fantastisk utsikt . Vandringa byr på nydeleg utsikt over Middelhavet sitt turkise vatn og vidare ned til bukta Cala Deià. Her kan ein bade, om det er tid, før vi fortset vidare til sjølve Deià. Deià ligg vakkert til høgt oppe i fjellet på vestkysten av Mallorca. Her er panoramautsikt over havet og dalsider med olivenlundar. Det vert tid til å gå rundt i dei smale gatene med genuin mallorcansk busetnad, små restaurantar, tapas-barar og små butikkar. Ein fryd for sansane.

Dag 3, måndag 21. september

Valldemossa – Erkehertugens Veg

Vandretid 5 timar. Høgdevariasjon opp 550 m. Lengde 10 km.
Etter ein god frukost på hotellet startar vi vår første vandring.
Vi har buss frå Puerto de Soller til Valldemossa.  Her går vi ein rundtur som vert avslutta med eit besøk i Valldemossa. På ein klar dag er dette ein av dei finaste turane på Mallorca. Ei litt utfordrande stigning  opp frå Valldemossa før vi er oppe på fjellplatået. Her er det eit ope og flott fjellterreng med flott utsyn i alle retningar, langs kysten sørover til Palma bukta. Turen følgjer for det meste ein steinsett og fin oppbygd rideveg anlagd av den østeriske erkehertugen Ludwig Salvador på 1800- talet. Flott veg/ sti som er til stor glede for oss turgåarar.
Felles middag på hotellet.

Dag 4, tysdag 22. september

Etter felles frukost er dagen til fri disposisjon.
Anbefaler ein tur til Palma. Eller å bruke dagen på stranda og samle mest mulig D-vitaminar før heimreise til hausten i Norge.

Dag 5, onsdag 23. september

Cuber og El Barranco de Biniaraix

Vandretid 5 timar. Høgdevariasjon opp 120m, utfor 800m. Lengde 14 km.

Etter frukost på hotellet i Port de Soller køyrer vi til Cuber-dammen.
Her skal vi gå den kjende kalksteinstrappa Barranc de Biniaraix som vart bygd på 16 hundrtalet og er ein del av Pilgrims stien mellom Lluc og Soller. Vi får ei av Mallorca sin flottaste utsikt over Middelhavet og den frodige Soller dalen der den eine appelsinlunden avløyser den andre. Langs sida renn små elvar og fossefall (etter regnfall og vinterstid, ellers er den tørr).  Vi startar turen ved Cuber-reservoaret som er hovud vasskjelda til Mallorca. Her går vi i ope landskap langs ein sti som føl dammen. Vi er rett ved  Puig Major( 1.436m) som er høgaste toppen på Mallorca og den speglar seg fint i den smaragdgrøne innsjøen. Etter en knapp time når vi skogen der vi går oppover til Coll de L’ofre. Herifrå startar vi på turen nedover ravina Barranc de Biniaraix.  Steinete sti og trapper tek oss nedover i dette fantastiske landskapet. Vandringa ender i byen Biniraix der god kaffi eller noko leskande ventar på oss på det vesle torget.  Bussen hentar oss utenfor byen og køyrer oss tilbake til hotellet.

Dag 6, torsdag 24. september

Costa Nort til Cala Tuent

Vandretid 4-5 timar. Høgdevariasjon 650 m. utfor og 250 opp. Lengde 12 km.

Dagens vandring tilbyr både landsbygd og dramatisk kystvandring. Vi startar fotturen i fjella over Sóller og passerer olivenlundar og mindre gardar. Undervegs tek vi ei pause på den vakre garden Bàlitx d’Avall. Turen held fram oppover variert terreng og vel oppe får vi ei storslagen utsikt. Vi vandrar nordover til bukta Cala Tuent. Her kan ein kjøpe lunsj på Tuent-bukta sin einaste serveringsstad, Es Vergeret – og nyte den med ved havet. Etter lunsj er det fullt muleg å ta ein forfriskande dukkert før vi tek båten heim.

Dag 7, fredag 25. september

Heimreisedag. Fly frå Palma til Bergen

God frukost før vi sjekkar ut og reiser til flyplassen.
Flyavgang frå Palma kl. 09.55, ankomst Bergen kl. 15.45