Vandring på Madeira 3.-10. oktober 2020

  • Dato

    03.10.2020

  • Lokasjon

    Madeira

  • Avreise frå

    Oslo Gardermoen

  • Lengd

    8 dagar

  • Pris

    Kr. 17790.-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 2400.-

Start hausten på Madeira med vandring gjennom vakkert landskap. Øya har ein vakker blomsterpark, ein eventyrleg laurbærskog, grøne dalar og majestetiske fjell. Øya er eit eventyr for ein kvar vandrar.
Madeira

Madeira vert ofte kalla «Atlanterhavets perle», og er eit av Europa sitt eldste reisemål.
Vulkansk oske og lava har gjeve øya næringsrik jord, og gjer Madeira nærast til ein flytande hage. Madeira er ei dramatisk øy, eksotisk grøn, og med eit lys som gjev landskapet eit spesielt skin.
Før Portugal koloniserte den i 1418 var det ikkje busetnad på øya. I mange århundre har dei rydda skog og planta sukker rør, vinstokkar og andre subtropiske vekstar her. For å auke øya sitt landbruksareal starta dei på 1800-tallet å lage hyller i fjellsidene for å bringe vatn fram til områder som kunne utviklast til betre landbruksareal. Desse fjellhyllene vart kalla levada og dei fekk ofte ein parallell sti. Levadane vert framleis brukt til distribusjon av vatn, og samtidig har dei blitt populære vandringsvegar for fot-turistar.
Klimaet er behageleg mildt subtropisk. Aldri for varmt eller for kaldt. Menneska her er smilande, vennlege,høflege og ikkje minst, svært gjestfrie.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 17790,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 17 790,-
Tillegg for enkeltromKr. 2400,-

Inkludert i prisen:

  • Fly Oslo-Funchal t/r
  • 7 overnattingar i delt dobbeltrom
  • Transfer t/r flyplass
  • Transport til og frå vandringar
  • 7 frukost og 7 middag
  • Vandringar som i programmet
  • Lokal vandreguide
  • Turleiar frå Fjordane Reisebyrå

Hotellet:

Hotel Four Views Baia, i Funchal

https://www.fourviewshotels.com

Vi bur på same hotellet heile veka. Hotellet ligg på ei høgde med utsikt over byen Funchal, fjella og bukta. Her finn du oppvarma innan- og utandørsbasseng, restaurant, bar og spa. Nedanfor åsen frå hotellet ligg Forte Sao Joao Baptista, og Casa-museum Frederico de Freitas ligg ein kort spasertur vekke.

Dag 1, laurdag 3. oktober

Flyreise Oslo – Funchal

Flyavgang frå Oslo til Madeira, Funchal.
Her ventar buss som køyrer oss til hotellet vårt denne veka.

Innsjekk på hotellet og kanskje ein rusletur i Funchal før første fellesmiddag på hotellet.

Dag 2, søndag 4. oktober

Levada dos Maroços; 12 km, 4,5 timar, medium

Frukost på hotellet.

Kl. 09.00 blir vi henta på hotellet og køyrt til Levada dos Maroços der vi startar dagens vandring.

På vandringa i dag vil vi oppleve mykje av kulturen og det tradisjonelle Madeira. Det vakre landskapet er hovudsakleg jordbruksareal, og undervegs kan vi møte på bønder som held på med sine daglegdagse oppgåver. Utsikta over byen Machico er eit ekstra pluss.
Om vi er heldige er det sal av sesongens frukt undervegs. Stort meir kortreist blir det ikkje få det.
Etter turen har vi transfer tilbake til Funchal og Hotel Four Views. Felles middag på hotellet.
 

Dag 3, måndag 5.oktober

Levada das Queimadas / Caldeirão Verde; 13 km, ca. 5 timar, medium

Frukost på hotellet.

Kl. 09.00 blir vi henta på hotellet og køyrt til Levada das Queimadas / Caldeirão Verde.
Denne levadaen fører oss gjennom ein fortryllande skog. Det er eit rikt biologisk mangfald  i floraen og faunaen i laurbærskogen, som står på UNESCO si verdsarvliste. Dette er ein av stiane der vatn, kjelda til liv, er overalt, i tunnelar, steinar og bekkar. Vandringa tek oss til Caldeirão Verde, som er kjent for bassenget og fossen. Undervegs passerer vi dei små bygdene Santana, Ilha og São Jorge.

Etter turen har vi transfer tilbake til Funchal og Hotel Four Views.

Felles middag på hotellet.

Dag 4,tysdag 6. oktober

Vereda do Fanal; 10 km, 4 timar, medium

Frukost på hotellet.

Kl. 09.00 blir vi henta på hotellet og køyrt til Vereda do Fanal.
Ved foten av Paul da Serra-platået startar denne vakre løypa, særleg  anbefalt for dei som vandrar ein del.
Landskapet er fantastisk med den frodige vegetasjonen som omkransar heile området. Store delar av turen går i laubærskog. Ein fest for både syn og lukt.
Undervegs er det fleire utsiktspunkt som viser fram landskap utsikt over dalen Ribeira da Janela og Chão da Ribeira.
Turen ender ved Fana. Nytt høve til å slappe av, og nyt denne fantastiske plassen og ta inn den positive energien.

Etter vandringa transport tilbake til hotellet, felles middag der

Dag 5,onsdag 7. oktober

Dagen til fri disposisjon
Etter frukost på hotellet er dagen til fri disposisjon.
Bruk gjerne dagen i Funchal, hovudstaden på Madeira. Nytt høve til å besøke det opne markedet, ta vinsmaking på Blandy’s Wine Lodge eller utforsk Sacred Art Museum.
Eller nyt dagen i den frodige botaniske hagen. Valet er ditt, muligheitane er mange.
Felles middag på hotellet onsdag kveld.

Dag 6, torsdag 8.oktober

Levada do Ribeiro Frio / Portela; 11 km, 4timar, medium

 

Frukost på hotellet.

Kl. 09.00 blir vi henta på hotellet og køyrt til Levada do Ribeiro Frio / Portela. Furado Levada, som startar i Forestry Park of Ribeiro Frio, (870 m) er ein av dei eldste vatningsanlegga på Madeira.
Den 11 km lange vandringa denne dagen tek oss til utsiktspunktet ved Portela. Vi skal vandre gjennom tunnelar gravd inn i fjellet,  vi går forbi fossar og dalar, med vegetasjon og fuglar som er karakteristisk for laurbærskogen. På slutten av turen er det sett av tid til å kunne nyte utsikta over klippeformasjonen Penha d´Águia.
Etter turen har vi transfer tilbake til Funchal og Hotel Four Views. Felles middag på hotellet.

Dag 7, fredag 9. oktober

Levada do Rabaçal / Risco / 25 Fontes; 11 km, 4,5 timar, medium

Frukost på hotellet.

Kl. 09.00 blir vi henta på hotellet og køyrt til Levada do Rabaçal . Forestry Station of Rabaçal, i området Paúl da Serra, er utgangspunktet for stien som går til Risco Levada og den nye Rabaçal Levada. Turen langs disse to levada stiane er omtrent 11 km lang. Først føl vi stien vi til fossen, herifrå går vi ned til 900 meters høgde for å gå New Rabaçal Levada, som har fått namnet frå dei mange fossefalla. Returen til sørkysten av øya går gjennom Cavaleiro-tunnelen

(ca. 800 meter lang).

Etter turen har vi transfer tilbake til Funchal og Hotel Four Views.

Felles middag på hotellet.

Dag 8, laurdag 10. oktober

Heimreisedag. Fly frå Funchal til Oslo

Frukost på hotellet før felles transfer til flyplassen.

Utstyr tips for fottur på Madeira

Det er store variasjonar i vandringane på Madeira.
Viktig å ta med gode sko og kle, med tanke på vandringane og årstida. Nokon av vandringane vil ha tørre stiar, medan andre turar har eit fuktigare klima og dermed eit glattare underlag. Uansett vêrmelding, ta med lettare regnkle. Ei regnkappe er smart å ha i sekken, og ei lommelykt, gjerne hovud-lykt til bruk i tunnelar.