Tur til Kroatia 24.-29. juni 2020

Lesartur med Firda Tidend og Odd-Bjørn Hjelmeset

  • Dato

    24.06.2020

  • Lokasjon

    Kroatia

  • Avreise frå

    Sandane

  • Lengd

    6 dagar

  • Pris

    Kr. 16950.-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 2100.-

Tur til Kroatia saman med Firda Tidend og Odd- Bjørn Hjelmeset

Vinteren 2020 er Odd- Bjørn Hjelmeset å sjå på norske tv- skjermar i vinterens utgåve av «Mesternes Mester» som foregår i Kroatia. Sommaren 2020 kan du bli med han, oss og avisa Firda Tidend tilbake igjen, og kanskje bli litt meir kjent med Kroatia.
Kroatia – eller heilt korrekt Republikken Kroatia, eit spennande land som grensar mot Adriaterhavet i sørvest. Landet kjenner vi tidlegare (før 1991) som ein del av Jugoslavia.
På turen skal vi saman møte folk, sjå natur, smake maten og oppleve kulturen.
Med Odd- Bjørn i reisefølgje kan vi vel også rekne med eit lite innblikk i opplegget han var med på under «Mesternes Mester».

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 16950,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 16950.-
Tillegg for enkelt romKr. 2100,-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Bergen Split t/r
  • Turbuss frå Sandane til Bergen Flesland, ein veg
  • Transferbuss til hotellet og annan transport som skissert i programmert
  • 5 netter i delt dobbeltrom med frukost
  • Utflukter som skissert i program
  • Måltid som skissert i program
  • Vertskap Odd- Bjørn Hjelmeset
  • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå
  • Journalist frå Firda Tidend

24.-29.juni 2020

Lesarturen til Firda Tidend går i 2020 til Kroatia, og vi er så heldige å ha fått med oss vår lokale helt Odd-Bjørn Hjelmeset som reisefølgje.

Som de sikkert vil få med dykk utover vinteren, er Odd-Bjørn ein av deltakarane på Mesternes Mester komande sesong, og han vil gjerne vere med tilbake og vise dykk litt av Kroatia

Dersom du er interessert i å vere med, eller treng å tenkje deg om og  berre ynskjer å stå uforpliktane på ei liste, ta konakt med Travelnet Fjordane Reisebyrå på tlf 57725090 / 57725070 eller send oss ein epost til fjordane@travelnet.no/sandane @travelnet.no og du vert registrert.

Så snart programmet er fullstendig klart, legg vi det ut på denne nettsida, eller vi sender det til deg .