Treningsreise med Yngvar Andersen til Sørlandet 30.august -5.september 2020

  • Dato

    30.august – 5.september

  • Lokasjon

    Fevik/Arendal

  • Lengd

    7 dagar

  • Pris

    Kr. 12.990,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 2.450.-

Vi flytter heim til Norge!

I 10 år har Travelnet Fjordane Reisebyrå arrangert treningsreise ilag med Yngvar Andersen. Ein perfekt kombinasjon av trening, 
sol og bad, mykje sosialt samvær og restitusjon mellom øktene. 

Styresmaktene fråråder oss i år å reiser til utlandet. Dette har store konsekvensar for mange, ikkje minst reisebransjen. 
Men vi kan ikkje la Korona og COVID-19 stoppe oss. 
Kan vi ikkje reise utomlands må vi finne alternativ innanlands. 
Norge er slett ikkje eit dårleg alternativ.  

 

For treningsreisa med Yngvar har vi valt «Det Blide Sørland» og Strand Hotel Fevik, som ligger mellom Arendal og Grimstad. 

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 12.990,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 19.990,-
Tillegg for enkeltromKr. 3800,-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Oslo – Chania t/r
  • Buss transfer flyplass – hotell t/r.
  •  7 netter i delt dobbeltrom på Hotel Pilot Beach
  •  Guida fjelltur
  •  7 frukostar, 7 middagar
  •  Trening med Yngvar Andersen
  •  Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Yngvar Andersen

Yngvar er ein av dei som har lengst erfaring med å vere personleg trenar i Norge. Han starta sin eigen treningskjede alt i 2005. 10 år etter, i 2015 selde han bedrifta for å få tid til det han likar best av alt: inspirere og lære folk å trene, ha ein sunn livsstil og bevege seg meir i kvardagen. Dette gjere han no gjennom å skrive bøker, halde foredrag, workshops og treningsreiser. Yngvar har sjølv kjent på kroppen kor viktig det er med bevegelse, trening og å ha eit bra kosthald. Yngvar veit kor fantastisk det er å ha ein sunn kropp som spelar på lag.

Kven passar turen for?

Treningsreise med Yngvar passar for alle som er glad i å trene og Ynskjer ei aktiv treningsveke. Ein må vere i normalt god form og van til å trene regelmessig.

Treningsopplegg

Det er 2 felles treningar kvar dag.
Vi startar kvar dag med felles trening før frukost medan den andre økta er om ettermiddagen. Vi arbeider med styrketrening i form av sirkeltrening, stabilitet, intervalltrening, fleksibilitetstrening og teknikk i basisøvingar. Yngvar har fokus på kvalitet og at alle skal nå sitt fulle potensial i all trening vi gjer denne veka.

Hotellet vårt, Fevik strandhotell

«Helt siden 1937 har Strand Hotel Fevik fremstått som et eksotisk fristed i skjærgården. Hotellet har hatt en magisk tiltrekningskraft på mennesker fra fjern og nær, og flere kjente navn har gjestet hotellet og bidratt til spennende historier. Forfatteren Roald Dahl var stamgjest i over 30 år, sammen med sin Oscar-belønnede kone Patricia Neal 
Hotellet drives med et lidenskapelig engasjement tilpasset vår tids krav til velvære og standard. Hos oss kan du forvente deg service, stimulans og et mangfold av opplevelser hvor du som gjest står i sentrum» 
Sjå meir av hotellet her: https://www.classicnorway.no/hotell/strand-hotel-fevik/ 

Atterhald

  • NB Vi tar atterhald om eventuelle endringar i programmet

For meir informasjon/påmelding ta kontakt med Travelnet Fjordane Reisebyrå på
mail: fjordane@travelnet.no, telefon  57 72 50 70.