Rundreise Jordan og Israel 1.-9.mars 2020

Med Leon Haugsbø som turleiar

  • Dato

    17.08.2016

  • Lokasjon

    Danmark

  • Avreise frå

    Førde

  • Lengd

    9 dagar

  • Pris

    Kr. 23.500.-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 4900.-

  • Tilgjengelege billettar

    Fullteikna, vi fører venteliste, ta kontakt med Travelnet Fjordane Reisebyrå

Israel og Jordan er to land med unik historie frå Bibelen. Her får vi fylgje i både Moses og Jesus sine fotefar. Vi får oppleve oldtida sine tempel og nabatearane sin hemmelege by, Petra, i Jordan.  

På ei kort reise i Israel får ein oppleve Betlehem, fødebyen til Jesus, heimbyen hans ved Genesaretsjøen, Oljeberget og gravstaden i Jerusalem.  

Reiserute:

Flyrute med Turkish Airlines

Avr. 1. mars Oslo                   kl. 11.40          ank. Istanbul     kl. 17.35         TK1752
Avr. 1. mars Istanbul              kl. 21.40          ank. Amman      kl. 23.05         TK 812
Avr. 9. mars Tel Aviv              kl. 08.45          ank. Istanbul      kl. 12.15         TK865
Avr. 9.mars Istanbul               kl. 14.20          ank. Oslo           kl. 16.20         TK1755

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 23500,-

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 23500,-
Tillegg for enkeltromKr. 4900,-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Oslo-Amman, Tel Aviv-Oslo
  • Flyskattar og avgifter
  • Transferbuss og annan busstransport
  • 8 netter i delt dobbeltrom
  • Halvpensjon med frukost og middag
  • Utflukter i samsvar med program
  • Leon og Inger Helene er reiseleiarar
  • Lokal engelsktalande guide med på turen
  • Alle inngangsbillettar
  • Jeep tur i Wadi Rum
  • Tips til guide, sjåfør og hotell er inkl. alle dagar

Dag 1, søndag 1. mars

Oslo- Amman

Sein ankomst. Køyrer direkte frå flyplassen til hotellet i Amman for overnatting.

Dag 2, måndag 2. mars

Guida rundtur i Amman og Jerash

Amman
Amman er hovudstaden i Jordan og er både det økonomiske, industrielle, kulturelle og administrative sentrum i landet. Byen ligg 1000 m over havet og er ein av dei eldste, kontinuerleg bebudde byane i verda, i dag med vel 4 millionar innbyggjarar. Næringsvegar er tekstilindustri, næringsmiddelindustri og tobakksindustri.  Amman ligg høgt på sju åsar, og gir difor besøkande ein fantastisk panoramautsikt over heile byen.

Jerash

Byen er kjend som ein av Jordans vakraste, og er difor turistmål nummer ein. Jerash er opphaveleg ein ruinby, men rundt ruinbyen finn vi ein moderne by med 50 000 innbyggjarar.

Jerash går for å vere den best bevarte romerske provinsbyen i Midtausten. Her er det mykje vakkert å sjå, godt bevarte ruinar med gateløp, offentlege badehus, hippodromar (hesteløpsbane), teater og tempel.  Rik ornamentikk og mosaikk må også nemnast!

Dag 3, tysdag 3. mars

Amman – Madaba – Nebo – Shobak – Petra 

Madaba
Den jordanske byen Madaba (750 moh) er kjent for sine mange pilegrimsmål. I denne byen vart dei første kristne forsamlingane etablerte. Den greske ortodokse basilikaen i Saint George inneheld utvilsamt den mest kjende mosaikken i landet; det eldste eksisterande kartet over Palestina og Jerusalem frå 560-talet skildrar alle dei kjende bibelske stadane i Midtausten.

Mount Nebo

På åskammen ca., 700 moh, fekk Moses det første glimtet av det lova landet, Kanaen, som han fekk sjå, men aldri komme inn i. Kyrkja på toppen av Mount Nebo er bygd til minne om Moses sin gravstad.

Shobak 
Korsfararborga Shobak ligg aude til i ørkenen. Borga vart bygd i det 10.århundre e.Kr. og var eit viktig handelsstopp for handelskaravanar.  Borga gir spektakulær utsikt over dei omkringliggande sanddynene, som skifter fargar etter sol retninga

Dag 4, onsdag 4. mars

Petra – Wadi Rum – Aqaba

Petra
Oldtidsbyen Petra, som på gresk betyr stein, er ein ruinby i det noverande Jordan. Dette er eitt av verda sine sju underverk og står på Unescos verdsarvliste. Petra er den klart største turistattraksjonen i Midtausten. Byen ligg i ein smal dal omgitt av sandsteinsklippe. Fleire av bygga, både tempel og gravkammer, er hogd inn i det lysrosa fjellet, svært vakkert!  Tilkomsten til byen går via ei 2 km lang og smal kløft.

Wadi Rum

Wadi Rum, som betyr høg dal, vert også kalla Månedalen grunna det aude og raudfarga landskapet. Det vert sagt at Wadi Rum er verdas vakraste ørken, og den står på UNESCO verdsarvliste. Besøkjande kan utforske Wadi Rum til fots, med kamel eller i en 4×4 køyretøy. Wadi Rum har vore busett av mange kulturar sidan førhistorisk tid, og desse har etterlate seg spor som t.d. helleristningar og tempel.

Dag 5, torsdag 5. mars

Aqaba – byvandring i gamlebyen – tid på eiga hand

Aqaba 

Dette er Jordan sin einaste hamneby, også eit eldorado for sol og bading! Rødehavet sine fine strender er også kjent for korallrev. Byen er eit populært reisemål for dykking og snorkling

Dag 6, 7 og 8, fredag 6.-søndag 8. mars

Aqaba – Arava border -Jerusalem – Bethlehem 

Bading i Dødehavet på veg til Jerusalem

Sentrale plassar i Jerusalem og Betlehem: Bymuren – Jeriko – Oljeberget – Shepherds Fields (hyrdemarka) – Nativity Church (fødselskyrkja) – Getsemane – bytur i gamlebyen – dei tre bydelane (kristen, muslimsk og jødisk) – Klagemuren – Temple Square (tempelplassen) – Via Dolorosa – Den heilage sepuksers kyrkje (oppstodekyrkja / gravkyrkja) – Golgata

                                                                     

Dag 9, måndag 9. mars

Heimreise

Vi må tidleg opp. Det er ca. 20 min. køyring til flyplassen der vi må vere kl. 06.00.
Avreise Tel Aviv kl. 08.45 via Istanbul, ankomst Gardermoen kl. 16.20.