Riga og Tallin, Baltikum rundt, 6.-14. august 2020

9 dagars busstur med Anne Henden som turleiar

  • Dato

    06.08.2020

  • Lokasjon

    Latvia

  • Avreise frå

    Førde

  • Lengd

    9 dagar

  • Pris

    Kr. 15875.-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 2370.-

  • Tillegg for enkel lugar

    Kr 1020.-

Latvia og Estland, med hovedstadane Riga og Tallin, er begge populære reisemål for nordmenn.
Tallin er ein facinerande hansaby, med god stemning og ei bykjerne som tek deg tilbake til middelalderen.
Riga har blitt den moderne metropolen som vart sjølvstendig i 1991 etter å ha vore okkupert i ulike perioder av både Tyskland og Russland.
Vi skal lære meir både om den særeigne kulturen, og om den dramatiske historia som begge desse landa har opplevd.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 15875,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 11.900,-
Tillegg for enkeltromKr. 1430,-
Tillegg for single lugarKr. 690,-

Eventuelle tilleggsbestillingar legg du til når du har lagt til turen i handlekorga.

Inkludert i prisen:

  • Turbuss frå Firda Billag
  • 6 netter i delt dobbeltrom
  • 2 netter i delt utvendig lugar
  • 8 frukost
  • 4 lunsj
  • 8 middag
  • Utflukter som i program
  • Lokal guide som i program
  • Turleiar Anne Henden

Tillegg til turpris:

  • Andre måltid enn skissert
  • Drikke til mat

Dag 1, torsdag 6.august

Førde -Charlottenberg

Vi har tidleg avreise, kl. 0800 er vi klar for tur.
Første etappe er gjennom norsk natur og over  høgfjell til Gol.
Før vi kjem så langt er det beinstrekk på
ferja, og kanskje ein liten kaffikopp?
På Gol er det lunsjpause på Per`s Hotel, vi gjev oss god tid, men det er framleis eit godt
stykkje å køyre før vi kjem fram til Sverige og Charlottenberg
Vi sjekkar inn på Hotel Charlottenberg før felles middag
Undervegs vert det korte stogg for å strekkje på beina

Dag 2, fredag 7.august

Charlottenberg- Stockholm

Etter frukost startar vi på neste etappe. Vi skal til Stockholm, der vi går om bord i «MS Romantica» som tek oss til Riga. Skipet  har avgang kl. 17.00, det er nattsegling. Om bord skal vi ha felles middag, før kvelden kan nytast slik det høver for den enkelte. Her er det ulike tilbod, som til dømes dans , show eller casino. Før skipet legg til kai i Riga laurdag, et vi ein lang og god frokost.

Dag 3, laurdag 8.august

Riga

I Riga vert vi møtt av lokal guide som vil ta oss på ei runde i byen.
Riga, Latvias hovudstad, har eit spennande kulturliv, herlege kafear, vakker arkitektur, breie avenyar og elegante butikkar. Den gamle hansabyen har ein fot i fortida og ein i framtida, ei fin blanding av fortid, notid, aust og vest. Eit tysk reiselivsmagasin skisserer Riga som like «kosmopolitisk og bohemaktig» som Praha, like elegant som Paris. Vi får servert  lunsj på Kalku Varti
Vi gjer oss litt kjend i byen før vi sjekkar inn på Radisson Blu Hotel Latvija.
Felles middag på hotellet

Dag 4, søndag 9.august

Riga – Pärnu-Tallin

Ny dag , og vi set kursen mot Tallin
Pärnu er første stogg.
Pärnu er ein by og kommune i Estland, som ligg ved Rigabukta
Elva Pärnu renn gjennom denne byen som ligg 110 km sør for Tallin.
Byen vart grunnlagd i 1241 av den Tyske orden, og var viktig for Livland då den hadde ei isfri hamn
Sidan den tid har byen vore underlagt både Polen og Litauen, Sverige og Russland
Byen har sidan 1838 hatt ei rekkje kurbad, og er i dag ein viktig turistby.
På restaurant Postipoiss får vi ein god lunsj.
Vi kjem til Tallin, og her sjekkar vi inn på vårt hotel Sokos Hotel Viru.
Felles middag på hotellet, og kvelden fri.

Dag 5, måndag 10.august

Tallin

Vi skal gjere oss meir kjend med Tallin, hovudtsaden i Estland.  Lokal guide møter oss på hotellet og tek oss med på ei runde i byen.
Tallin, eller Reval som den tidlegare vart kalla, er ein by i stadig utvikling der gamalt møter nytt. Vi skal mellom anna  til gamle byen, som sidan 1997 har vore på UNESCO si verdsarvliste. Her er det smale gater med brustein, eit pittoresk bymiljø, og små kafear og restauranter ligg på rekkje og rad.
Eit must er gode gåsko, gamal brustein er hardt å gå på.
Den historiske delen av Tallin er delt i to, på høgda kalla Toopea, finn vi ein liten by omringa av ein kraftig festningsmur med tårn. Resten av gamlebyen ligg på flata under denne høgda, og det er i denne delen vi finn dei dei fleste butikkane og serveringsstadane.
Etter byturen vert det besøk  på Kalev Marzipanmuseum, før vi finn ein god plass for lunsj.
Tid til å rusle rundt i byen på eiga hand før felles middag på Olde Hansa.

Dag 6, tysdag 11.august

Tallin

Før dagens utflukt, og etter frukost, sjekkar vi ut av hotellet og får bagasjen inn i bussen.
Det vert ein kulinarisk dag, med mange smakar, både av mat og drikke.
Vi skal vere med på «Estonian Flavours Tour» før vi avsluttar utflukta på Saku Bryggeri.
Tallink, MS Isabelle,  har avgang frå Riga kl. 17.30, med ankomst Stockholm onsdag 12. august kl. 10.30. Det er berre å nyte overfarten, ombord er det både underhaldning og god tid til taxfree handel. Vi nyt ein god middag medan skipet seglar mot nattehimmelen.

Dag 7, onsdag 12.august

Stockholm – Mora

Vel framme i Stockholm er det ny reisedag. Vi skal nordover mot Mora. Vi stoggar undervegs for å raste, reiseleiar og sjåfør finn ein høveleg stad for dette.
Mora er ein liten stad i Dalarna ved inn sjøen Siljan.
For dei som er kjent med Vasaloppet, er det på denne plassen det er målgang, og det er her dei lagar den kjende Dalahesten. Om tida tillet det, vert det eit besøk i fabrikken der dei lagar denne
Kanskje ein souvenir å ta med heim?
Vi sjekkar inn på Mora Parken Hotel. Felles middag på hotellet.

Dag 8, torsdag 13. august

Mora- Lillehammer

Vi reiser frå Sverige og tilbake til Norge. Det vert ein siste sjans til å fylle opp i handlebagen før vi passerer grensa. Vegvalet er opp til sjåfør denne dagen, det er tre grenseovergangar ein kan nytte seg av. Vi stoggar for beinstrekk og lunsj der vi finn ein høveleg stad.
Vel framme på Lillehammer er det innsjekk på Scandic Hotel Lillehammer.
Felles middag på hotellet.

Dag 9, fredag 14.august

Lillehammer – Førde
Så er det siste reisedag. Etter frukost køyrer vi via Dokka og Leira til Gol. Lunsj på Pers Hotel.
Turen vidare går over Hemsedal til Sogn og vi reknar med å vere i Førde på tidleg kveld.