Orknøyane og Shetland 30.juli - 6.august 2020

..med Dag Lindebjerg..

  • Dato

    30.07.2020

  • Lokasjon

    Orknøyane og Shetland

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    8 dagar

  • Pris

    Kr 24750,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 3180,-

  • Ledige plassar

    Enkeltrom på forespørsel

Ei reise til Orknøyene og Shetland er ei reise attende i historia. Folket her har sterke band til Skandinavia heilt frå vikingane inntok øyane for meir enn 1000 år sidan.  Her finn vi eit vakkert, grønt landskap og vi skal vitje mange historiske attraksjonar saman med Vesterleds- entusiast Dag Lindebjerg.  På heile turen nyt vi god mat og eit gjestfritt folkeferd i vakre omgjevnader.
Vi inviterer deg med på ei eventyrreise i til øyane vest i havet.

NB. Med atterhald om endring i program.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 24750,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

4 på lager

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

Turpriskr 24750.-
Tillegg for enkeltromkr 3180.-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Bergen – Aberdeen,
    retur Shetland – Bergen, via Aberdeen
  • Flyskattar og avgifter, pr. 01.november 2019
  • Transferbuss og annan busstransport på Orknøyane og Shetland
  • 7 netter i delt dobbeltrom/lugar med frukost
  • Ferjebillett
  • Inngangsbillettar som skissert i program
  • Middag som skissert i programmet
  • Lunsj som skissert i programmet
  • Kjentmann Dag Lindebjerg
  • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Dag 1, torsdag 30.juli

Bergen Kirkwall, via Aberdeen
Flyturen går frå Flesland kl. 07.40 til Aberdeen, her skal vi bruke delar av dagen før vi tek ferja ut til Orknøyane. Det vil bli ei utflukt med felles lunsj i Aberdeen. Ankomst Kirkwall kl. 23.00. Frå ferjeterminalen tek vi taxi til hotellet. Vi skal bu på The Orkney Hotel.

Dag 2, fredag 31. juli

Kirkwall, Lamb Holm, Burray og South Roalsay
Etter frukost blir dei som vil med Lindebjerg med på ein liten rusletur til i sentrum. Han viser oss borga som frå gamalt av var tilhaldsstad for både Orknøy- jarlar og biskopar. Dag lære oss meir om Kirkwall – eller Kyrkjevågen- som den heitte medan Orknøyane var ein del av Noreg. Kl. 12.00 vert vi henta med buss (ved hotellet) for ein tur sørover. På turen vitjar vi mellom anna Italian Chapel, Fossil & Heritage Centre og den vesle bygda St. Margarets Hope. Vi får servert lunsj undervegs.
Felles middag på hotellet.

Dag 3, laurdag 1. august

Historisk rundtur på Orknøyane
Denne dagen køyrer vi vestover til dei 5-6000 år gamle minnesmerka etter dei første busetnadane på Orknøyane. Lindebjerg skal i dag ta oss tett på mykje av historia til dette området. Vi skal vitje både steinalderlandsbyen Skara Brae og dei kjende steinringane på Brodgar. Vidare køyrer vi til Strømness  som er kvalfangst- og sildebyen på Orknøyane, i tillegg er hummarfiske viktig her.
Undervegs på turen har vi felles lunsj på Orney Brewery.
Tilbake i Kirkwall, etter ein heil dag på tur, får vi servert middag på hotellet.

Dag 4, søndag 2. august

Meir Kirkwall/Orknøyane, ferja frå Kirkwall til Lerwick.
Etter frukost sjekkar vi ut frå hotellet og set bagasjen vår til oppbevaring i resepsjonen. Dag Lindebjerg tek oss med på ei runde i byen. Vi skal vitje Magnuskatedralen og The Orkney Museum. Etter ein felles lunsj, skal vi opp til Highland Park – det nordlegaste whisky destilleriet i verda og den viktigase eksportbedrifta på Orknøyane. På kvelden et vi middag på hotellet, før avreise til ferjeterminalen og innsjekk på Northlink Ferries.
Natta bruker vi til å forflytte oss nordover til Shetland og Lerwick.

Dag 5, måndag 3. august

                Lerwick
Etter ankomst Lerwick sjekkar vi inn på Shetland Hotel og får oss ein god frukost der. I dag skal vi bli betre kjent med «hovudstaden» Lerwick. Vi skal fyrst på Shetlandsmuseet, i tillegg vert det Town Hall, Fort Charlotte og god lunsj i sentrum. Kanskje vert det også litt tid til handel?
Felles middag.

Dag 6, tysdag 4. august

Rundtur nord på Shetland
Etter tidleg frukost starar vi dagens utflukt nordover til øya Unst og byen Haraldsvik. På rundturen tek vi ferje til øyane Yell og Unst og får høve til å nyte den vakre naturen frå sjøsida. Haraldsvik har fått namnet sitt fordi Harald Hårfagre kom seglande inn hit år 875. Haraldsvik vart den fyrste staden i Storbritannia som vart erobra av ein norsk konge.
Vi før høve til å vitje Båthuset i Haraldsvik. Og i tillegg skal ein tur «til fjells» dersom veret tillèt det og få utsyn mot fyret på øya Muckle Flugga som er det nordlegaste punktet i Storbritannia.
Felles lunsj undervegs og på veg heim får vi servert verdas beste Fish’n Chips på Frankies Brea.
På kvelden vert det eit enklare måltid i Lerwick.

Dag 7, onsdag 5. august

Rundtur sør på Shetland
Etter frukost reiser vi heilt sør til Sumburgh Head (området der flyplassen ligg). Vi får sjå fyret som ligg flott til på denne halvøya, med klippar på begge sider. Vi skal også vitje ruinbyen Jarshof, med restar av hus frå både steinalder og vikingtid. Etter lunsj tek vi ein tur til den vakre øya St. Ninian, øya med den kvite sandstranda som bind saman St. Ninian med «fastlandet». På ettermiddagen reiser vi også over til den «norske» byen Scalloway, der mellom anna museet for «Shetlandstrafikken» under 2. verdskrig vert formidla.
Lunsj undervegs og felles middag i Lerwick på kvelden.

Dag 8, torsdag 6. august

Heimreise
Flytider heimreise; avgang retur kl. 11.40 frå Sumburgh (Shetland) til Aberdeen. På flyplassen i Aberdeen vert der ein god stogg før flyet heim til Bergen går kl. 18.40. Ankomst Flesland kl. 20.55.
Felles lunsj denne dagen.