Matreise til San Sebastian 22.-25. oktober 2020

–Med Fru Timian–

  • Dato

    22.10.2020

  • Lokasjon

    San Sebastian

  • Avreise frå

    Oslo Gardermoen

  • Lengd

    4 dagar

  • Pris

    Kr. 15.900,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 1500.-

San Sebastian
Matreisa 2020 går til Europa sitt matmekka: San Sebastian.
Er du glad i gode smakar og ekte råvarer er San Sebastian draume reisemålet. Byen blir kalla for tapasen sin heimby og er den byen i verda med nest-flest Michelin-restaurantar.
I tillegg til å vere eit matmekka er San Sebastian ein fantastisk vakker by omkransa av havet og to badestrender. Dette er turen for alle sansar.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 15.900,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 15.900,-
Tillegg for enkeltromKr. 1500,-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Oslo  – Bilbao t/r
  • Busstransfer frå flyplass til hotell t/r
  •  3 netter i delt dobbeltrom
  •  3 frukost, 1 lunsj, 2 middag
  •  tur på matmarked i San Sebasian
  •  Pintxos workshop
  •  Fru Timian deltar på heile turen
  •  Turkoordinator frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Fru Timian, Marit Røttingsnes Westlie

Marit er ein av av dei størtse matbloggarane i Norge. Ho har gjeve ut 10 bøker og skrive mange hundre mat-spaltar.
Ho meiner at god og enkel mat er ein og same ting. Fru Timian er ein matformidlar av ukomplisert, ujålete og umåteleg god mat. Marit set si ære i å formidle oppskrifter så bra, at den som lagar maten eller bakar kakene alltid skal kunne få eit vellukka resultat.
Marit er eit engasjert menneske som likar å lage best mulig mat frå botnen av.

På denne reisa skal vi saman med Marit lage kortreist mat – av ferske råvarer. Vi skal lære å lage tapas, pintxos, av spanske kokkar. Vi skal smake og nyte god mat og god drikke. Undervegs vil Marit vil ause av sin kunnskap og lære vekk gode råd og smarte triks for å lukkast på kjøkenet.

Hotel Arrizul Kongress

Hotell Arrizul Congress: https://www.hotelarrizulcongress.com/

Eit moderne 4-stjernes hotel med 46 rom som opna sommaren 2017. Hotellet ligg midt i San Sebastian sentrum, like ved Kursaal kongress- og kultursenter og Zurriola-stranda. Hotellet ligg i gåavstand frå den kjende La Concha-stranda og Gamlebyen, som er kjend for alle sine hyggjelege pintxo-barar og livlige gater. På hotellet blir det servert frukostbuffet kvar morgon, Hotellet har eit lite treningsrom, og det er gratis WIFI på rommma.

Dag 1, torsdag 22. oktober

Avreisedag

Avgang frå Oslo Gardermoen kl. 08.30 ankomst Bilbao kl. 11.20 Felles transport frå flyplassen i Bilbao til San Sebastian og Hotel Arrizul. Ca. 1,5 time køyretid.
Innsjekk på hotellet før guida vandring i San Sebastian. Sein lunsj for dei som ynskjer (ikkje inkl.)
Denne første kvelden er det felles middag på ein tradisjonel baskisk restaurant som ligg i hjarte av gamlebyen, i gåavstand frå hotellet:
Juanito Kojua: http://www.juanitokojua.com
Resturanten er kjend for sine ferske fiskerettar og skaldyrspesialitetar. Filosofien deira er at det alltid er råvarene som skal stå i fokus

Dag 2, fredag 23. oktober

Kokkekurs i Pintxos (tapas)

På resturanten Ni Neu: http://restaurantenineu.com
som ligg like ved havet, der elva Río Urumeas renn ut – skal vi lære og lage pintxos (tapas) på ekte bastisk vis. San Sebastian blir kalla pintxos sin hovudstad. Her blir vi delt inn i mindre grupper der alle får utdelt forkle, oppskrift på pintxos, notatblokk og pen før kurset startar. Vi skal lære både teori og prøve oss i praksis.
Alle lager 4 pintxos kvar, basert på sesongens råvarer.  Kurset blir avslutta med 3-rettars lunsj inkl. vin og kaffe.
Resten av ettermiddagen og kvelden er til fri disposisjon.

Dag 3, laurdag 24. oktober

Matmarknad med Marit

Etter frukost på hotellet tek Marit oss med til La Bretxa: http://www.cclabretxa.com/laBretxa/index.html, Her er restaurantar, motebutikkar, og ikkje minst -den mest kjende matmarknaden i regionen. Her vil Marit fortelle om gode råvarer og gje tips om kva som kan vere verd å ta med heim.
Felles lunsj for dei som ynskjer det (ikkje irekna pris.)

Laurdag kveld skal vi ete godt på den bastiske restauranten La Fabrica. Kjøkenet blir leia av kjøkensjefen Iñigo Bozal som lagar  tradisjonell gastronomisk mat, basert på ferske og kortreiste råvarer. La Fabrica ligg i lokala til eit gamalt bryggeri.

Dag 4, søndag 25. oktober

Heimreisedag.

Tidleg avreise frå hotellet. Vi får med frukostpakkar på bussturen frå San Sebastian til Bilbao.
Avreise frå San Sebastian kl. 06.00 – flyavgang frå Bilbao kl. 09.00. med ankomst Gardermoen kl. 11.55