Loyal gjennom Caledoniakanalen 21. juni - 5.juli 2020

-med Dag Lindebjerg og mannskapet på Loyal-

  • Dato

    21.06.2020

  • Lokasjon

    Storbritania

  • Avreise frå

    Hjellestad ved Bergen

  • Lengd

    15 dagar

  • Pris

    Turpris i banja kr 29.600.-

    Tillegg pr prs i dobbel lugar kr 2520.-

  • Ledige plassar

    Lugar på forespørsel, ledig i banja

På nytt vil vi invitere vi dykk med på ei tokt med Galeasen Loyal. Denne gongen over til Inverness i Skottland for å ta slusene gjennom Caledoniakanalen og å krysse Loch Ness. Vidare vert det stogg i Stornoway på Ytre Hebridene, på Orknøyane og på Fair Isle.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 29.600,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

4 på lager

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

Turpris i banjaKr 29.600,-
Tillegg pr prs i dobbel lugarKr. 2520,-

Inkludert i prisen:

  • Hjellestad – Inverness – Caledoniakanalen – Isle of Skye – Stornoway – Kirkwall – Fair Isle  – Hjellestad
  • 14 netter i banja
  • Kost og losji som skissert i program
  • Transfer (traktor) på Fair Isle
  • Transfer buss som skissert i programmet, to utflukter
  • Inngangsbillettar som skissert i program
  • Medseglar  Dag Lindebjerg

21. – 23. juni, Hjellestad – Inverness

Det er planlagt avreise frå Hjellestad søndag morgon kl. 10.00. Dei neste to dagane skal brukast til sjøs og vi reknar med ankomst i Inverness 23. juni.  Denne dagen brukar vi i Inverness. Dag Lindebjerg tek med seg dei som ønskjer det på ei runde i byen. Loyal vert liggande i Inverness til neste morgon.
Måltid ombord på Loyal;
Lunsj og middag dag 1.
Frukost, lunsj og middag dei komande dagane.

Dag 4 – 6, 24. – 26. juni, Inverness – opp slusene til Loch Ness – over Loch Ness – ned sluser – over fleire sjøar og ned fleire sluser til Fort Williams

Sidan denne turen ikkje er kvardagskost for Loyal er vi pr. no litt usikre på tidsskjema dei neste par dagane. Dette vil vi vite meir om på eit seinare tidspunkt. Det vi veit er at vi brukar den tida det tek å komme oss opp slusene til Loch Ness. Planen er å ligge natta til den 25. ved Drumnadrochit, nær Urquhart Castle. Vidare seglar vi vakre Loch Ness før vi skal ta slusene, samt fleire vakre sjøar ned til Fort Williams.
Overnatt i Fort Williams.
Måltid ombord på Loyal;
Frukost, lunsj og middag.

Dag 7 – 8, 27. – 28. juni, Fort Williams – Mallaig – Isle of Sky – Stornoway

Tidleg avreise frå Fort Williams, over  Loch Linnhe, forbi vakker natur og til Mallaig. Vidare går turen til Eilean Donan, under brua ved Kyle of Lochalch. Vi legg opp til fleire stogg langs den vakre seglingsruta. Ankomst Stornoway 28. juni på kvelden.
Måltid ombord på Loyal;
Frukost, lunsj og middag.

Dag 9, 29. juni, rundtur Harris Lewis

Denne dagen skal brukast til ein rundtur på Harris Lewis, den største av øyane på ytre Hebridene.
Måltid ombord på Loyal;
Frukost, lunsj og middag.

Dag 10 og 11, 30. juni og 1. juli Orknøyane

30. juni, segltur til Orknøyane

Dagen til sjøs, ankomst Orknøyane på kveld.

 1. juli, rundtur Orknøyane
Denne dagen skal vi nytte på Orknøyane. Vi skal mellom anna vitje Ring of Brodgar, Skara Brae og Italian Chapel. Vi får eit innblikk i historia til Orknøyane med norske auge. 
Måltid ombord på Loyal;
Frukost, lunsj og middag.

Dag 12 og 13, 2. og 3.juli, Fair Isle

  1.  juli, segling over til Fair Isle
    Dagen til sjøs, med ankomst Fair Isle på kve
  2. juli Fair Isle Vi skal bruke dagen på å utforske øya. Fair Isle er ca. 5,6 km2 og har ca. 60 fastbuande. Øya er 4,8 km lang og 2,4 km brei på det breiaste og ligg langt ute i havet mellom Shetland og Orknøyane. Vi skal bruke tida på Fair Isle godt og få eit innblikk i livet her. Tradisjonelt har landbruk og fisking vore det flest lever av, men kvardagen til folk er meir samansett enn dette. I løpet av året er det mange som vitjar øya. Særskilt grunna det rike fuglelivet, men også grunna det verdskjende «Fair Isle knitting» -eit av verdas mest kjende strikkemønster. Både handverk og turisme er derfor for mange ein del av kvardagen. Vi får høyre historier, møte folka vitje både museum, kyrkje og den lokale butikken. Det blir fottur og traktortransport.  Måltid ombord på Loyal: Frukost,lunsj og middag

Dag 14 – 15, 4. – 5. juni, tur heimover

Heile dagen på sjøen. Tidsbruk kjem ann på ver og vind, ca. 35-40 timar.
Måltid ombord på Loyal;
Dag 14, frukost, lunsj og middag
Dag 15, frukost og lunsj