London 2.-5. april 2020

  • Dato

    02.04.2020

  • Lokasjon

    London

  • Avreise frå

    Bergen Flesland

  • Lengd

    4 dagar

  • Pris

    Kr. 7945,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 1350.-

Start påskeferien med ein storbyweekend i London. Nyt fine dagar utan ski, men med bysko på beina. Ei reise hit har alt du kan tenkje deg, shopping, eit stort utval av musikaler, sightseeing for ein kvar smak, og ikkje minst utallige restaurantar og pubar. Kjenn litt på våren, og ta ein tur i ein av dei flotte hagane og parkane i London som no er grøne og frodige.

Her kan du velje det som passar deg best, turleiar vil vere tilgjengeleg med forslag.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 7945,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 7945.-
Tillegg for enkeltromKr. 1350.-

Inkludert i prisen:

  • Bergen- London t/ret
  • Innsjekka bagasje
  • 3 netter i delt dobbeltrom
  • 3 frokost
  • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

I tillegg til turpris:

  • Transfer t/ret Gatwick til Hotel St Giles
  • Andre måltid enn frukost
  • Ev musikalbillett og/eller  inngangsbillettar til museum o.l.
  • Ev utflukter

Dag 1, torsdag 2. april

Vi møtest på Bergen Flesland seinast 2 timar før avgang
Flyavreise kl. 19.10
Norwegian tek oss til Gatwick Airport med ankomst lokal tid 20.10. Herifrå tek vi undergrunn til London sentrum. Innsjekk på vårt hotel St Giles som ligg nær den kjende handlegata Oxford Street

Dag 2, fredag 3. april

Etter frukost kan dei som ynskjer bli med turleiar på ei lita runde for å gjere seg litt meir kjend i London. Det kan vere ulike ynskjer på kva ein vil ta seg til med, kanskje går du på eiga hand, eller du blir med turleiar der det vert bestemt.

Dag 3, laurdag 4.april

Dagen til disposisjon. Turleiar er tilgjengeleg med forslag på utflukter og restauranter for lunsj og middag.
London har mange ulike musikaler å by på, kanskje er det i dag du skal på musikal?
Hagane er grøne og frodige på denne årstid og eit besøk i flotte Kew Royal Botanical Garden kan anbefalast.
https://www.kew.org

Dag 4, søndag 5.april

Tidleg avreise til Gatwick.  Flyavgang kl. 10.50 med ankomst Bergen Flesland 13.45.

Vi takkar for turen og ynskjer velkomen tilbake ved seinare høve.

Praktisk informasjon

Husk gyldig pass. Ved tinging, oppgje alltid namnet slik det står i pass.

Travelnet Fjordane Reisebyrå vil be om passinformasjon før avreise og legge dette inn i tinginga.

Ver vennelg å gje melding om ev matallergi i god tid før avreise

Frist for påmelding 17. februar 2020, eller så langt det er plass