I over 125 år har Hurtigruta segla langs norskekysten. Vi seglar frå Bergen 27. april og får med oss våren langs kysten. Vi går mot den lyse årstida, landskapet skifter frå sør til nord, nokre stader er våren komen, og lenger nord er det gjerne litt att av vinteren.
Saman med landskapet vi passerer, er det dei mange variasjonane av alt du ser og høyrer som gjer dette til ei reise utanom det vanlege. På denne turen reiser vi saman med dei som reiser på Vårturen, rundreise med MS Trollfjord. Vi takkar for selskapet i Kirkenes og stoggar eit par dagar her.
Første dag er vi i Kirkenes og gjer oss litt kjende. Måndag 4. mai skal vi på utflukt til Russland, Pechenga- Nikel og Zapolyarny
Siste dag tek vi fly frå Kirkenes til Oslo , derifrå er det valfri heimreise.
Bli med på ei reise som vil gje deg minne for livet!.
Frist for påmelding er 1. februar 2020
Foto produktbilde: Helena Lundberg
Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.
Turpris kr 16150.-
Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.
Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side.