Julestemning på Røros 3.-6. desember 2020

-julemagi i Bergstaden-

  • Dato

    03.12.2020

  • Lokasjon

    Røros

  • Avreise frå

    Førde

  • Lengd

    4 dagar

  • Pris

    Kr. 8990,-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 1295,-

Stemningsfull førejulshelg i den vakre Bergstaden Røros. I vinterlandet Røros, mellom dei flotte trehusa – kjem du garantert i julestemning. Saman med turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå skal får du nyte stemninga, maten og folkelivet denne helga.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 8990,-

Depositum kr 2000,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.000,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 8990.-
Tillegg for enkeltromKr. 1295.-

Inkludert i prisen:

  • Turbuss
  • 3 netter i delt dobbeltrom
  • 3 frokost
  • 3 middag
  • 2 lunsj, dag 1 og 4
  • Vandring med Bergstadsguide
  • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, torsdag 3. desember

Avreise ca. kl. 09.00 frå Førde. Vi køyrer opp til Nordfjord og Strynefjellet over til Lom, Otta, Dombås, Hjerkinn og over til Alvdal. Det vert lunsj og stogg etter høve undervegs.
Berekna ankomst på Røros ca. kl. 19.00. Vi skal bu på Bergstaden Hotel https://bergstadenshotel.no/

Felles middag på hotellet.

Dag 2, fredag 4. desember

Etter frukost vert ei lita Bergstadsvandring (ca. 1 – 1 ½ time). Etter dette står du fritt til å nyte Røros og det Røros har å by på. Om du ikkje vil gå åleine kan du henge deg på turleiar. Du finn meir om programmet for Julemarknaden på Røros her https://julemarkedroros.no/om-julemarked/

Det vil bli avtalt sporadisk møtepunkt for dei som ønsker det.

Felles middag på hotellet.

Dag 3, laurdag 5. desember

Etter frukost skal vi fortsetje utforske Røros – enten du/de vel gjere det åleine eller saman med turleiar.
Det vil også denne dagen bli avtalt sporadisk møtepunkt for dei som ønsker samlast ila. dagen.

På ettermiddag / kveld legg vi opp til kanefart før middagen (sjå eigen pris). Felles middag på hotellet.

Dag 4, søndag 6. desember

Etter ein god frukost tek vi fatt på heimvegen. Berekna ankomst Førde ca. 20.00.

Det vert felles lunsj undervegs.

Hugs å kle deg godt!! Velkomen til på tur!