Hebridene, med ein smak av Skottland 10.-17.juli 2020

8- dagars tur 10. juli – 17. juli 2019 med Dag Lindebjerg som kjentmann

  • Dato

    10.07.2020

  • Lokasjon

    Hebridene

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    8 dagar

  • Pris

    Kr. 23 950,-

  • Ledige plassar

    Turen er fullteikna, vi fører venteliste.

    Ta kontakt med Travelnet Fjordane Reisebyrå på tlf 57725090

    eller på mail;  fjordane@travelnet.no

Det er National Geographic sin påstand at Hebridene ligg «på kanten av verda». Øygruppa som vert omtala som indre- og ytre Hebridene består av over 500 større og mindre øyar. I underkant av 100 av desse har busetnad. På vår tur skal vi gjere oss litt kjende Isle of Skye (Indre Hebridene), samt med Ytre Hebridene – øyriket som tidlegare tilhøyrde Norge, men som no høyrer til Skottland. Saman med Dag Lindebjerg skal vi vitje fleire av øyane, lære litt om historia, samt oppleve kulturen og folket. Han vil med sin fengjande forteljarkunst dele sin kunnskap om både 6000 år historie og kvardagslivet i dag.

Vi tek atterhald om endringar i programmet!

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 23950,-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

Tomt på lager

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 23950,-

Inkludert i prisen:

  • Fly Bergen – Aberdeen t/r
    via Stavanger på utreisa
  • Flyskattar og avgifter
  • Busstransport Skottland / Hebridene
  • Ferjer
  • Overnatting i delt dobbeltrom
  • Måltid etter oppsett program
  • Utflukter som skissert i program
  • Inngangsbillettar som skissert i program
  • Kjentmann Dag Lindebjerg
  • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyrå

Dag 1, fredag 10. juli

Bergen – Aberdeen – Inverness
Flyturen går frå Flesland kl. kl. 07.50 via Stavanger til Aberdeen med ankomst kl. 08.25 (lokaltid) og avreise vidare frå Aberdeen i buss til Inverness. Det blir mellom anna stogg på Glenfiddich. Etter innsjekk vil det bli ein liten rusletur i Inverness for dei som har lyst å vere med på det.
Felles lunsj undervegs. Felles middag på hotellet.

Dag 2, laurdag 11.juli

Inverness – Isle of Skye – Stonoway
Etter ein god frukost set vi oss i bussen og køyrer mot Isle of Skye. Eilean Donan Castle og tettstaden Protree er noko av det som står på menyen, i tillegg til den flotte naturen. Dette blir ein lang dag i vakker natur.
Ferja ut til Ytre Hebridene går frå Uig (Isle of Skye) kl. 19.00, med ankomst Tarbert kl. 20.40.
Ankomst hotellet i Stornoway ca. kl. 21.45. Felles lunsj undervegs. Enkelt måltid ved ankomst hotellet

Dag 3, søndag 12.juli

Rundtur nord på Lewis.
Etter ein god frukost set vi oss i bussen for ein rundtur nordover. Vi skal mellom anna vitje Arnold Blackhouses og Port Ness. Det blir lunsj undervegs. Felles middag på hotellet.

Dag 4, måndag 13.juli

Rundtur vest på Lewis
Denne dagen vert det rundtur vestover på Lewis. Vi skal vitje restane av gamle bustadar, Vikinglandsby, Calanais Standing Stones og mykje meir. Dag Lindebjerg tek oss med rundt og delar raust av sin kjennskap til øyane og historia. Det vert felles lunsj på turen. Felles middag på kvelden.

Dag 5, tysdag 14.juli

Køyre Hebridene på langs
Etter frukost set vi kursen sørøver, i dag skal vi køyre store delar av Hebridene på langs. Vi passerer mellom anna dei fantastiske strendene på Harris, vi skal krysse ”Sound of Harris” med ferje, køyre over øyene North Uist, Benbecula og South Uist. Heilt sør på øyan South Uist skal vi overnatte to netter på gjestehuset Polochar Inn.
Felles lunsj undervegs og middag på Polochar Inn.

Dag 6, onsdag 15.juli

Barra – Vatersay
Ny dag, ny øyar. I dag reiser vi over til Barra, ei av dei to sørlegaste øyane der det endå bur folk på Hebridene. Her skal vi vitje Castlebay «hovudstanden» på Barra -i vika her ligg også Kisimul Castle. Vi køyrer også over til Vatersey, samt vitjar flyplass- stranda m.m.
Felles lunsj undervegs og middag på Polochar Inn.

Dag 7, torsdag 16.juli

Ferje over til «fastlands» Scotland og nordover langs Caledonian kanalen.
Tidleg (!) avreise og ferje over til fastlands-Scotland. Vi køyrer gjennom flott landskap, vitjar mellom anna Fort Williams og Loch Ness med sjøormsenteret. Vi skal bruke dagen i vårt eige tempo.
Felles lunsj under vegs og overnatting på Inverness Palace Hotel og Spa. Felles middag tysdag kveld.

Dag 8, fredag 17.juli

Inverness – heimreise
Tid for å pakke kofferten for heimreise. Etter ein god frukost i Inverness går turen gjennom Nationalparken Cairngorms. Det vert nokre stogg på vegen, samt felles lunsj.
Avreise frå frå Aberdeen kl. 18.40 direkte til Bergen, ankomst kl. 20.55 (norsk tid).