Hardanger og Sogn med Sparebanken Sogn og Fjordane 18.-21. august 2020

  • Dato

    18.08.2020

  • Lokasjon

    Hardanger og Sogn

  • Avreise frå

    Førde

  • Lengd

    4 dagar

  • Pris

    Kr 9450.-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 1500,-

Sparebanken Sogn og Fjordane inviterer i samarbeid med Travelnet Fjordane Reisebyrå på tur i Vestland fylke. På denne turen skal vi innom  både Sogn  og Hardanger, og vi skal ha  base i Voss. Dei fleste er nok kjend i fylket, men kanskje er det framleis nokre opplevingar som står på ynskjelista? Vi skal både på Nærøyfjorden med Vision of The Fjords, og vi skal ta turen med den spektakulære Flåmsbana. I tillegg vert det høve til å teste Voss Gondol som vart opna juli 2019

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 9450.-

Depositum kr 1500.- pr  person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 1.500,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 9450,-
Tillegg for enkeltromKr. 1500,-

Inkludert i prisen:

  • Turbuss frå Firda Billag
  • 3 netter i delt dobbeltrom på Fleischers Hotel, Voss
  • 3 frokost
  • 3 middag
  • 4 lunsj
  • Utflukter og inngangsbillettar iflg program
  • Turleiarar frå Sparebanken Sogn og Fjordane

Dag 1, tysdag 18. august

Avreise frå Førde. Vi køyrer mot Skei, vidare til Sogndal og Solvorn.
Vi tek ferja over til Ornes, og skal få omvisning i Urnes Stavkyrkje
Dette er i særstilling ei av dei mest ivaretekne og utsmykka stavkyrkje i landet, og i 1979 kom den på UNESCO si verdsarvliste. Vi tek ferja tilbake der bussen ventar på oss. I Hafslo får vi servert ein god lunsj på Eikum Hotel.
Etter eit godt måltid  går turen vidare til Lærdal. Vi skal innom Villaks Senteret. Her får vi innsyn  i livshistoria til Atlanterhavslaksen, forvaltinga av dei ville laksestammane og tradisjonane kring laksefisket.
Siste etappe i dag går via Flåm, Gudvangen, og til Voss
Vi sjekkar inn på det ærverdige Fleichers Hotel, felles middag og sosialt samvær.

Dag 2, onsdag 19. august

Vi nyt ein god frukost. Turen i dag går tilbake til Gudvangen. Her skal vi om bord i Vision of The Fjords, dette fantastiske miljøvennlege fartøyet som stillt tek seg fram på Nærøyfjorden.
Vel framme i Flåm skal vi ha lunsj på Ægir Bryggeri Pub
Godt forsynte startar vi på neste oppleving, Flåmsbana.
Flåmsbana er ei av verdas brattaste jernbane. Den 20km lange strekninga har ein høgdeforskjel på 866 m. Vendetunnelen som går i spiral inn og ut av fjellet, er eit vitnemål på noko av den mest dristige og kyndige ingeniørkunst i norsk jernbanehistorie.
På Myrdal går vi over i nytt tog som tek oss til Voss
Felles middag på hotellet

Dag 3, torsdag 20. august

Vi skal vidare i Hardanger. Turen går langs Hardangerfjorden , over Hardangerfjordbrua til Øvre Eidfjord. Naturen er som eit einaste stort postkort, med fossar og bratte fjell langs den lange fjorden
Vi køyrer Måbødalen til Fossli. Her får vi sjå Vøringsfossen
Store vassmengder stuper 182 m rett ned i dalen,  vassmengda i elva er regulert i samband med kraftutbygging i sommarsesongen. Nye og spektakulære  utsiktspunkt skal være ferdig i 2020.
Lunsj i dag vert i Hardangerfjordhallen, Eidfjord, som er ein del av Norsk Natursenter. Her får vi også eit innsyn i norsk natur og kulturhistorie, geologi og landskap på ein ny og spennande måte.
Middag i dag på Store Ringheim Gard

Dag 4, fredag 21. august

Vi nyt ein god frokost før vi pakkar oss ut i bussen og startar på heimveg. Turen går over Vikafjellet mot Vik og Vangsnes. Ferje til Hella og vidare til Sogndal. Lunsj på Quality hotel Sogndal. I Fjærland kan vi, om tida tillet det, ta ein stogg på Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe senter for klimaviten.
Den spektakulære filmen  om Jostedalsbreen, av Ivo Caprino, og den  spanande utstillinga om jorda si klimahistorie, og mammutar på plenen, er noko av det vi kan oppleve.
Tilbake i Førde på tidleg kveld.