Færøyane- eventyrlege øyar i vest , 14.-19. august 2020

med Dag Lindebjerg som kjentmann

  • Dato

    14.08.2020

  • Lokasjon

    Færøyane

  • Avreise frå

    Bergen

  • Lengd

    6 dagar

  • Pris

    Kr. 19.350.-

  • Tillegg for enkeltrom

    Kr 3590.-

60 mil vest for Bergen dukkar Færøyane opp av havet. Eit eventyrleg øyrike som ligg berre ein god times flytur frå Norge. For 6. året arrangerer vi tur over til desse øyane i vest. Med Dag Lindebjerg som kjentmann skal vi oppleve kulturen, maten og naturen. Vi køyrer fleire av øyane på kryss og tvers, samt at vi legg opp til nokre fjellturar om veret tillét det. Færøyane som består av 18 øyar er «toppen» av ei fjellkjede, ei undersjøisk fjellkjede. Slettatindur med sine 880 m.o.h. er det høgste av fjella og eit av turmåla vi ønskjer å ta deg med på. Elles står både øya Koltur, Torshavn og kongsgarden Kyrkjebøur på menyen.

Om du ønsker kan du bestille reisa direkte her, eller ta kontakt for meir informasjon på Travelnet Fjordane Reisebyrå.

Turpris kr 19 350.-

Depositum kr 2500,- per person må betalast ved bestilling. Restbeløp vert fakturert 6-8 veker før avreise.

kr 2.500,00

Namn på reisande 1

Du må fylle ut dette feltet.
Du må fylle ut dette feltet.
This field can't be Empty
This field can't be Empty

Vel ta reisande før du trykkjer «Legg i korga». Kjøpet vert ikkje gjennomført før du har fullført bestillinga på neste side. 

Prisar

TurprisKr. 19.350.-
Tillegg for enkelt romKr. 3590.-

Inkludert i prisen:

  • Flyreise Bergen – Færøyane t/r
    (via København på utreisa)
  • Flyskattar og avgifter
  • Transferbuss og annan busstransport
  • 5 netter i delt dobbeltrom
  • Frukost
  • Utflukter som skissert i program
  • Måltid som skissert i program
  • Kjentmann Dag Lindebjerg
  • Turleiar frå Travelnet Fjordane Reisebyra

Dag 1, fredag 14. august

Ankomst Torshavn
Vi reiser med Atlantic Airways frå Flesland (Bergen), via København til Færøyane. Ankomst Vágar kl. 12.15 lokal tid. Her ventar buss for transport til hotellet i Torshavn. Vi skal allereie denne fyrste dagen starte utforske Færøyane.

Felles middag i Torshavn.

Dag 2, laurdag 15. august

                Koltur, Hestur og Kirkjubøur 

Etter frukost pakkar vi tursekken. RIB-båtar skal frakte oss over til Koltur. «Koltur» betyr folen. Dag Lindebjerg er spesielt begeistra for denne øya, med urøyvde kulturlandskap. Ute på øya får vi sjå oss rundt i nokre av dei gamle gardshusa, og håpar veret tillet ein fjelltur. Det vert også RIB- tur rundt øya Hestur- den litt større naboøya denne dagen.

Båtturen endar på storgarden Kirkjubøur -garden der vår eigen Kong Sverre har vokse opp.
Lunsj undervegs denne dagen og felles middag i Torshavn på kvelden.

Dag 3, søndag 16. august

Vidareidi og Klaksvik, Gøta

Ny dag, nytt fjell. I dag går turen nordover igjen. Denne gangen forbi bygda Gøta, over til øya Bordøy, gjennom hovudstaden i nord Klaksvik og over til øya Vidøy. I bygda Vidareidi møter vi den lokale dama Elizabeth som har smurt matpakkar til oss, desse kan kome godt med på dagens fjelltur til Villingadalsfjellet. På veg tilbake til Torshavn vert det eit par stogg, mellom anna i Gøta.
Det vert lunsj på turen. Felles middag i Torshavn søndag kveld.

Dag 4, måndag 17. august

Sørvagur og Gåsadalur –halvdagsutflukt-

I dag går turen til «flyplassøya» Vagar. Vi skal mellom anna vitje den vesle bygda Sørvagur og lakseprodusenten Hiddenfjord. Vidare går turen utom bygda Gásadalur og om veret tillèt det vil vi sjå Tindholmen. I dag nyt vi medbrakt lunsj.

Felles middag i Torshavn på kvelden.

Dag 5, tysdag 18. august

Rundtur i nordaust Gjogv og Slettatindur.

Etter frukost pakker vi på ny tur-sekken før vi blir henta med buss. Turen går nordover på øya Streymoy, over til øya Eysturoy. Vi skal på Slettatindur – Færøyane sitt høgste fjell. Etter fjellturen vert det sein lunsj i Gjogv,  som har ei praktfull naturhamn, og landskap med fasinerande klipper og fjell.

På ettermiddagen tar vi buss heimover til Torshavn.

Felles middag på kvelden.

Dag 6, onsdag 19. august

Heimreise

Denne dagen skal vi nytte i Torshavn, samt at vi legg opp til ein stogg på veg til flyplassen.
Flyet går tilbake til Bergen kl. 18.25, med ankomst Bergen kl. 20.40.

Vi tek farvel med Færøyane – for denne gang.

 

Vi tek atterhald om endringar i programmet! Endringar på utflukter vil også kunne skje undervegs, då vi må ta omsyn til veret.