Kjære kunde

16. mars 2020

Vi opplever no ein ekstraordinær situasjon. Mange har spørsmål og trenger hjelp.
Alle vi på reisebyrået arbeidet kontinuerleg med å vere oppdatert for å kunne hjelpe.
Det viktigaste no er å få alle kundar som er på reise i utlandet heim igjen til Norge.
Samt endre og kansellerer reiser som ikkje er mulig å gjennomføre.

Koronasituasjonen rammar reiselivsnæringa og reisebyrå hardt. Dette inneberer at vi i løpet av veka må permittere fleire av våre tilsette. Servicenivået vårt vil bli redusert. Grunna situasjonens sin usikre natur er vi ikkje sikre på kor lenge dette vil vare.
Travelnet Fjordane Reisebyrå AS er eit lite reisebyrå med kontor i Førde og på Sandane.
I over 50 år (!) har reisebyrået vore ein viktig samarbeidspartnar til næringslivet i fylket og privat kundar. Like lenge har byrået vore ein del av Firda Billag.
Dette håpar vi skal halde fram i framtida! Det er derfor vi no iverksette desse tiltaka.
Som så mange andre gjere vi eit ærleg forsøk på å redde bedrifta vår.
Målet er å komme ut av denne krisa med ny styrke.
Vi gleder oss til vi kan fortsette med det vi likar aller best – å betene alle som er på reise – om det er i samband med jobb, eit arrangement eller på privat reise.
Vi håpar på forståing for den krevjande situasjonen vi er inne i, og sender varme tankar til alle våre kundar som og har tøffe tider ❤

Anne Oline F. Gullaksen
-dagleg leiar-
Fjordane Reisebyrå AS