Online Booking

Agent for Solia

Solia brosjyre.jpg

TRAVELNET Fjordane Reisebyrå har inngått agentavtale med Solia og vil selge reiser med denne turoperatøren ved alle kontora våre. Solia sitt vinterprogram tilbyr turar til Egypt, Portugal og Spania.  Eit populært tilbod er Solia Premium - "fellesreiser for erfarne livsnytere". Dette er skreddarsydde turar for deg som ønskjer å oppleve  meir og som ønskjer å reise saman med andre likesinna. Her er utflukter, gode hotell, mange måltid, ekstra reiseleiar-teneste m.m. "pakka" i komplett pakke til ein gunstig pris. Kontakt TRAVELNET Fjordane Reisebyrå for eit godt Solia-tilbod!




Vinterkatalogen er på plass i byrået. Kjøp StarTour-ferien hjå TRAVELNET Fjord..

Vinterkatalog Star.jpg

Kjøp StarTour- ferien din hjå Jorunn og Sissel i Sogndal.  Dei har kunnskapane som gjev deg større tryggleik når du skal tinge Syden-ferien.   Kontakt dei på Tlf. 57725750, eller stikk innom kontoret for ein hyggjeleg ferie-prat.

 




Ting sydenturen hjå oss....

ving logo.jpg

Ting sydenturen hjå oss og få gode råd og personleg service med på kjøpet !




DETUR booking
Bestill reise her
 

Viktig reiseinformasjon

<< Tilbake

Påmelding og betaling: Kort tid etter at påmelding er registrert sender TRAVELNET Fjordane Reisebyrå ut stadfesting av tinging og informasjon om pris. Samstundes sender vi også ut faktura på depositum kr.1000,- (storleik på depositum kan vere større på enkelte langturar). På ein del kortare turar vert det ikkje kravd inn depositum. Faktura for sluttinnbetaling vert utsendt ca. 6 veker før avreise.

Kva som er irekna i turprisen: Dette står spesifisert i ”faktarubrikken” under kvar tur i turprogrammet.

Tilslutning: Dei fleste turane har avreise frå Førde. På enkelte av turane dekker turtilskiparen tilslutning med rutegåande bussar innan Sogn og Fjordane. Dei turane som har fri tilslutning står dette spesifisert i “Reisefakta-rubrikken” i turprogrammet. Nokre turar har avreise frå Bergen eller Oslo.Opplysningar om avreisestad finn du i ”Reisefakta-rubrikken” under kvar tur.
NB! urtilskiparen dekker uansett ikkje overnattingskostnader, drosje eller tilslutning med andre transportmiddel.

Reiseforsikring: Alle bør ha reiseforsikring. Dersom du ikkje har reiseforsikring, kan du teikne Europeiske Reiseforsikring hjå Travelnet Fjordane Reisebyrå.
NB! Personar over 75 år som ønskjer å teikne reiseforsikring for reise utanfor Norden, må kontakte sitt forsikringsselskap direkte i god tid før reisa startar. Kryss av på påmeldingsskjemaet dersom du ynskjer reiseforsikring.

Europeisk helsekort: Dette er eit kort som ein kan tinge på NAV-kontoret når ein skal reise til land som er medlem av EØS. Kortet er eit prov på at du er medlem i Norsk folketrygd og at du dermed har same rettane til medisinsk hjelp i eit EØS-land som innbyggarane i dette landet.

Personar som reiser aleine, og ikkje har nokon å dele rom med, må i utgangspunktet betale tillegg for enkeltrom. Dersom personar som reiser aleine ynskjer å dele dobbeltrom med ein annan person av same kjønn, må ein gje melding om dette ved påmelding. Tilskiparen har då ikkje ansvar for problem undervegs som dette kan medføre. Det er heller ikkje turtilskiparen si plikt å finne nokon å dele rom med.

Pass: Sjekk i god tid før avreise om passet er gyldig(10 år frå utstedingsdato. For barn under 16 år, 5 år frå utstedingsdato.)
NB! Barn må ha eige pass. Til enkelte land må passet vere gyldig min. 6 mnd. etter utreise frå landet. Dette vil det evt. bli informert om i god tid.

Tollreglar for innførsel: Kvar person kan ta med følgjande inn i Norge: 1 liter brennvin + 1liter vin eller 2 liter vin + 2 liter øl. 200 sigarettar eller 250 gram ander tobakksvarer. Dette er reglar pr. 31/12 2008. Den reisande er sjølv ansvarleg for å halde seg orientert om reglane. Sjekk med Tollvesenet for evt.justeringar.

Båtreise med nattferge: Når du reiser på turar der vi reiser med nattferge, tilrår vi at du pakkar toalettsaker og anna som du treng i ein ekstra bag. Dermed slepp du å dra på ein tung koffert ombord på båten. Det kan også verte trangt på lugarane.

Turar med andre turoperatørar. På nokre av turane i dette programmet samarbeider vi med andre turoperatørar. Dette gjeld t.d. Islandia Travel (Islandske høgdepunkt), Escape Travel (Elvecruise) og MSCcruises (Cruise i middelhavet) Annan informasjon, t.d. vedkomande valuta,endeleg program, avreisetider og liknande vert utsendt etter påmelding.

 

 


 

Utdrag av vilkår for TRAVELNET Fjordane Reisebyrå sine turar :

(Fullstendige påmelding- og reisevilkår vert utsendt  saman med stadfesting av påmelding).

 

Det kan likevel vere lurt å merkje seg følgjande før du melder deg på :

 

·       Reglar for avbod :

     

      Den reisande kan avbestille reisa etter følgjande reglar :

  •       Ved avbod meir enn 42 dagar før avreise mot å betale eit administrasjonsgebyr på kr.200,- pr.prs.

  •       Ved avbod  f.o.m.  42 t.o.m. 15 dagar før avreise, vert ikkje depositum refundert.

  •       Ved avbod  f.o.m.  14 t.o.m. 4 dagar før avreise må 50% av    totalprisen på reisa betalast.

  •       Ved avbod  f.o.m.     3 dagar før avreise, eller om den reisande ikkje møter ved avreise, eller manglar naudsynte papir  (t.d. pass), må totalprisen for reisa betalast..

  •       Når ein eller fleire i samme reisefølgje melder avbod og prisen på reisa er basert på at to eller fleire deler rom eller lugar, kan turtilskiparen krevje inn tillegg for enkeltrom/-lugar.

NB! På enkelte turar kan det vere andre vilkår for avbod (dette gjeld gjerne langturar, cruise o.l.). Sjekk difor reglane for avbod i "Reisevilkår" som vert sendt ut saman med stadfesting av tinga tur.

  • Tilskiparen tek atterhald om prisendring som skuldast nye eller  auka skattar og avgifter,endring i valutakurser, eller tilsvarande omstende som skiparen ikkje rår over. Likeeins naudsynte endringar i program (t.d. utflukter, hotell, reiseleiar ) som må endrast av grunnar vi ikkje rår med. Det vert også teke atterhald om trykkfeil i programmet.

  • Tilskiparen kan annullere turen dersom det er mindre enn 25 påmelde. Melding om dette skal den reisande ha seinast 20 dagar før avreise

  • Dersom den reisande ikkje kan ta hand om seg sjølv, eller er til sjenanse for dei medreisande, kan vedkomande måtte avbryte reisa undervegs og betale dei ekstrakostnader som dette medfører. Turdeltakarar som er avhengig av hjelp, må ha med reisefølgje.

Meir utfyllande vilkår om kva rettar og plikter som gjeld mellom den reisande og reisetilskiparen vert utsendt saman med stadfesting av tinging av turen.

 
webdesign, hjemmesider, søkemotoroptimalisering, webutvikling, publiseringsløsninger