Online Booking

DETUR booking
Bestill reise her
 

Vårtur til Floriaden i Holland

b0716ca Floriade bilde 3.jpg

HOLLAND med Floriaden
8-dagars tur med avreise 25/4 2012

Ver med oss og møt våren i eit blomsterpynta Holland når landet er dekka av tulipaner og andre løkblomster.
På denne turen får du oppleve Floriaden, den største hagebruksutstillinga i verda som berre vert skipa til kvart 10. år.  Her kan ein vandre mellom utsøkte blomar, plantar og tre over eit område som dekker over 60 hektar og vere med i  “Naturens teater”. Utstillinga dekker også ei mengde temautstillingar innan hagekultur, design og arkitektur.
Floriaden er i 2012 lagt til Venlo, syd i landet mot den Tyske grensa.
Vår tur går med buss til Oslo og Stena Line til Fredrikshavn. Det vert overnatting i Bremen før vi køyrer inn i blomsterlandet. Før vi kjem til Heerlen der vi skal bu, vitjar vi slottet Archen med den vakre parken der vi mellom anna finn eit rosarium med 12000 roser.
Under opphaldet vert det sett av ein heil dag  til Floriaden. Det vert også utflukt til Maastrich, den eldste byen i Nederland. Byen ligg på begge sider av elva Maas  og vi skal m.a. på båttur på elva og få ein guida rundtur i byen.
På heimreisa stoggar vi i Warstein i den tyske provinsen Sauerland der vi vitjar det velkjende bryggeriet Warsteiner Brauerei med film, guiding og ølsmaking.
Overnatting i  Lübeck, før vi køyrer til Kiel og går om bord på Color Line sin “cruisebåt” Color Fantasy. Heimreise med lunsjstogg på Gol.

 

 

REISEFAKTA :

Turpris   :    Kr.10.550,-

Antal dagar    :  8

Avreisedato         : 25/4 2012

Returdato            : 02/5 2012

Tillegg for enkeltrom        : Kr. 850,-

Tillegg for enkeltlugar      : Kr. 1250,-

Irekna i turprisen :

¨       Transport i turbuss frå Firda Billag

¨        Halvpensjon (fom. middag 1.dag, tom. frukost 8. dag)

¨       2 lunsjar (dag 1 og dag 8)

¨       Overnatting i doble lugarar på båtreisene og dobbeltrom på hotell

¨       Utflukter som er omtala i program

¨       Lokal guide i Maastricht

¨       Vitjing i bryggeri med ølsmaking

¨       Reiseleiar  som er med på heile turen

 

 

 

 



Agent for Solia

Solia brosjyre.jpg

TRAVELNET Fjordane Reisebyrå har inngått agentavtale med Solia og vil selge reiser med denne turoperatøren ved alle kontora våre.




Kjøp StarTour-ferien hjå TRAVELNET Fjordane Reisebyrå

Vinterkatalog Star.jpg

Kjøp StarTour- ferien din hjå Jorunn og Sissel i Sogndal.  Dei har kunnskapane som gjev deg større tryggleik når du skal tinge Syden-ferien.   Kontakt dei på Tlf. 57725750, eller stikk innom kontoret for ein hyggjeleg ferie-prat.

 




Ting sydenturen hjå oss....

ving logo.jpg

Ting sydenturen hjå oss og få gode råd og personleg service med på kjøpet !




webdesign, hjemmesider, søkemotoroptimalisering, webutvikling, publiseringsløsninger