Online Booking

DETUR booking
Bestill reise her
 

Treningsreise med SPENST Førde til Dubrovnik

PLakat Spenst.jpg

Dette er turen for deg som er gald i å trene og ønskjer å prøve ulike treningsalternativ. Det blir allsidig trening med mykje moro!

Bli med Spenst Førde og Eli-Gro Bergby Carlsen på treningsreise våren 2012!
Det er klart for Spenst Førde sin første treningstur! Turen går til vakre Dubrovnik i Kroatia.

Hyggelege prisar, god mat og god temperatur. Perfekt start på våren!

 

Trening  
Eli-Gro Bergby Carlsen er treningsansvarleg for turen.

Eli-Gro er utdanna kroppsøvingslærer og jobbar på Øyrane vidaregåande. Ho er utdanna gjennom SATS skolen, med ein rekke kurs innan pilates, yoga, boxing, styrke, zumba med meir. Ho har lang fartstid som instruktør for Sats og Spenst, og er i dag gruppekoordinator for Spenst Førde med ulike timer som instruktør.

 

Det blir to treningsøkter kvar dag med variert trening som zumba, yoga, kondisjonsøkter og styrke trening. Dei fleste treningstimane vil bli utandørs

Dubrovnik er eit vakkert reisemål
D
ubrovnik,  Adriaterhavets perle, står oppført på UNESCOs verdsarvliste. Byen blir rekna som ein av dei vakraste og best bevarte byane i Middelhavs-området. Dette tross i at den i 1991 var utsett for eit veldig bombardement under krigen i det tidligare Jugoslavia. Store deler av Gamlebyen vart skada under bombinga men er i ettertid rehabilitert.
Gamlebyen er fantastisk vakker omslutta av bymuren, med marmorgater og lave steinhus i matchende fargar og storslagne palass.

Spa

Hotel Lacroma har eit vakkert spa anlegg der du kan få det du måtte ønskje av  behandlingar.  Tilpassa dine ønskjer og behov - alt til hyggelege prisar.

Felles Spa-området med innan- og utandørs-basseng kan vi som gjester av hotellet nytte fritt. I tilegg til trening har vi god tid til å slappe av og nyte livet.

Pris per person i delt dobbeltrom kr. 9.990,-
Tillegg for enkeltrom kr. 2.000,- 
Inkludert i prisen:
• Treningsinstruktør og reiseleiar   
• Flyreise t/r Oslo-Dubrovnik, inkl. alle skattar og avgifter
• 7 netter i delt dobbelt rom på Hotel Lacroma
• Frukost og middag alle dagar
• Transfer til og frå flyplassen 

Reisefakta:

• Avreise frå Bergen laurdag 21. april kl. 12.25 med Lufthansa, framkomst Dubrovnik kl. 17.30  

• Retur frå Dubrovnik laurdag 28. april kl. 18.05 med Lufthansa, framkomst Bergen kl. 23.20 

NB Vi tar atterhald om eventuelle endringar i programmet



 

Last ned
0.67 MB

 



Agent for Solia

Solia brosjyre.jpg

TRAVELNET Fjordane Reisebyrå har inngått agentavtale med Solia og vil selge reiser med denne turoperatøren ved alle kontora våre.




Kjøp StarTour-ferien hjå TRAVELNET Fjordane Reisebyrå

Vinterkatalog Star.jpg

Kjøp StarTour- ferien din hjå Jorunn og Sissel i Sogndal.  Dei har kunnskapane som gjev deg større tryggleik når du skal tinge Syden-ferien.   Kontakt dei på Tlf. 57725750, eller stikk innom kontoret for ein hyggjeleg ferie-prat.

 




Ting sydenturen hjå oss....

ving logo.jpg

Ting sydenturen hjå oss og få gode råd og personleg service med på kjøpet !




webdesign, hjemmesider, søkemotoroptimalisering, webutvikling, publiseringsløsninger